Jenny-Marie Johnsen

Tommelise


Kunstprosjekt til solbakken Barne- og ungdomssenter Tromsø. KORO Public art Norway.

 

Mellom blomster og barn

Eventyret om Tommelise, den bitte vesle jenta som får liv gjennom ein tulipan, og blir utsett for ei rekkje prøvingar før ho til sist får prinsen sin, gjev namn til dei fotografiske arbeida som Jenny-Marie Johnsen har laga spesielt til Solbakken barne- og familieheim i Tromsø. Det er nok ikkje uvanleg at ungane som til dagleg bur på Solbakken, på same måte som Tommelise, kjenner seg små og framande i verda. Ved å tematisere det som kan beskrivast som ei eksistensiell einsemd gjev arbeida til Johnsen rom for attkjenning, ei attkjenning som samtidig opnar opp for gjendikting av tilskodaren.

På dei tilsynelatande ubehandla treveggene heng tolv fotografi av Johnsen med blomstermotiv henta frå eigen hage. Kvardagslege hageblomster som tulipanar og valmuar skaper på denne måten ein samanheng mellom innsida av huset og dei tunliknande uteareala. Motiva understrekar samtidige den private karakteren ved det offentlege bygget ved å knyte blomster frå den private sfæra – hagen – til den delen av Solbakken der soveromma til barna ligg. På storleik med eit vakse menneske kan ein ikkje oversjå blomsterbileta, dei skaper ei visuell rytme i dei smale gangane. Paradoksalt fører monteringa på pvc til at arbeida til dels glir inn i interiøret. På same tid som dei organiske formene og dei sterke fargane skaper ein kontrast til den kjølige funksjonaliten i arkitekturen er biletleggjeringa med på å stilisere blomane, gjere dei til urørlege og luktfrie biletelement. Tulipanar og valmuar som elles er skøyre og forgjengelege blir hardføre og evigvarande. Det er merke på overflata av bileta som viser at det er tett kontakt mellom barna og kunsten. Dette har ført til at enkelte skadde fotografi er bytt ut med nye kopiar. Utfordringar knytte til kunst i offentlege rom gjer seg gjeldande. Vi vil at kunsten skal engasjere, men kva skjer når spora av engasjementet skaper tydelege ”rifter” i arbeida? Korleis skal såra bli tolka?

Det er som om Johnsen søkjer ei besjeling av enkeltplantene ved hjelp av ei portrettliknande tilnærming. Bruken av låg djupneskarpleik underbyggjer animeringa og gjer omrisset av den bestemte tulipanen-, dei- bestemte valmuene synleg. Hageblomane er liv, skjørt liv, men vel så mykje er dei framleis levande vesen.

Forståinga av at kunst kan ha ein terapeutisk effekt synest å vere underliggjande for KORO si utveljing av kunst til Solbakken. Der verda er vanskeleg skal kunsten gje resonans, og samtidig energi og varme. Spora etter samanstøyt mellom barna og fotografia vitnar likevel om at det ikkje er så enkelt. Verda kjennest skremmande – er skremmande. Kunsten kan ikkje oppheve denne kjensla. Eventyret til H.C. Andersen, som Johnsen også har gjort tilgjengeleg i boksamlinga på Solbakken, aktualiserer dette. På tross av viljen til det gode kom vesle Tommelise til stadighet ut for vanskelege og truande situasjonar. Ved å snu opp ned på ulike størrelsesforhold spelar estetikken i arbeida til Johnsen nett på relasjonen mellom det skjøre og det robuste, det vesle og store. Kunstverka vedgår at verda er urovekkjande, men samtidig livgjevande og omsorgsfull, det er i dette spennet tilskodaren får plass til å finne eigne forståingar.

 

Hanne Hammer Stien